Det tekstilfaglege i endring 1994-2017
Author(s) -
Randi Veiteberg Kvellestad
Publication year - 2021
Publication title -
formakademisk - forskningstidsskrift for design og designdidaktikk
Language(s) - Ngandi
Resource type - Journals
ISSN - 1890-9515
DOI - 10.7577/formakademisk.3597
Subject(s) - humanities , art , philosophy
Artikkelen presenterer endringar i tekstilopplæringa ved Faglærarutdanning i design, kunst og handverk ved Høgskolen i Oslo (HiO), seinare Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), og som i dag er kalla Institutt for estetiske fag (EST) ved OsloMet – Storbyuniversitetet i perioden 1994 til 2017. Opplæringa var tidlegare knytt til solide fagstudium innan broderi, vev, biletvev og saum. Desse spesialstudia forsvann på 1990–2000-talet, og eit nytt innhald i Faglærarutdanninga og eit nytt studium i Mote og produksjon blei etablert. Dei to utdanningane har ulike samfunnsoppdrag og danningsomgrepet har endra seg. Studentane i begge studium utviklar ein breiare kompetanse innan fagfeltet. Handverk, ferdigheit og skriftleg refleksjon er sentrale kjenneteikn på utdanningane, men undervisingspraksis og bransjeerfaring er blitt ein viktigare del i lærings- og danningsprosessen. Det er læring inne på campus og læring ute i samfunnet. Samfunnsoppdraget til utdanningane har dermed påverka innhald og organisering.
Accelerating Research
Robert Robinson Avenue,
Oxford Science Park, Oxford
OX4 4GP, United Kingdom
Address
John Eccles HouseRobert Robinson Avenue,
Oxford Science Park, Oxford
OX4 4GP, United Kingdom