z-logo
open-access-imgOpen Access
Kopiering av tradisjonskunst som læringsmetode
Author(s) -
Mari Rorgemoen
Publication year - 2011
Publication title -
formakademisk - forskningstidsskrift for design og designdidaktikk
Language(s) - Norwegian
Resource type - Journals
SCImago Journal Rank - 0.225
H-Index - 3
ISSN - 1890-9515
DOI - 10.7577/formakademisk.129
Subject(s) - humanities , philosophy

Artikkelen er skriven på bakgrunn av problematikk kring utvikling av ein forskingsbasert didaktikk for tekstilundervisninga på grunnstudiet ved Institutt for folkekultur, Høgskolen i Telemark. Delar av forskingsprosjektet tek difor utgangspunkt i eksisterande undervisningsverksemd ved dette studiet. Spørsmåla som det er søkt å få svar på her, er: Kva dialog og læring er framtredande ved kopiering av ein tradisjonell tekstilgjenstand? og: Korleis har denne arbeidsmåten ein plass i ein forskingsbasert didaktikk? Kopiprosessen skjedde i ein avgrensa oppgåveperiode, utført med to studentgrupper i 2008/2009. Intervju var valt som metode saman med analyse av innhald i oppgåverapportar som var skrivne samtidig med kopiverksemda. I samband med utvikling av ein forskingsbasert didaktikk der kopiverksemd inngår, er drøftingane førte på grunnlag av sosiokulturell og sløydpedagogisk teori, saman med teori i møte med folkekunst. Kopiprosessen er relatert til ein verksemdsmodell for sløydfaget. Resultata er drøfta i høve til mål for oppgåva og gjeldande fagplan. Kopiering som læringsmetode har ein plass i ein forskingsbasert didaktikk når verksemda fører til erkjenning og integrert forståing, ikkje som rekonstruksjon av tradisjonar. Målet for ein forskingsbasert didaktikk er horisontsamansmelting som følgje av hermeneutiske samtaler som gjeld samspel, spatialitet, spelereglar og spelerom i tradisjonen.

The content you want is available to Zendy users.

Already have an account? Click here to sign in.
Having issues? You can contact us here
Accelerating Research

Address

John Eccles House
Robert Robinson Avenue,
Oxford Science Park, Oxford
OX4 4GP, United Kingdom