
Kvifor ikkje nynorsk?
Author(s) -
Ingrid Wold
Publication year - 2020
Publication title -
målbryting/målbryting
Language(s) - Norwegian
Resource type - Journals
eISSN - 2535-8308
pISSN - 1500-8576
DOI - 10.7557/17.4825
Subject(s) - humanities , art , philosophy
Statistikken slår fast at mange sluttar å bruke nynorsk som hovudmål etter grunnskulen eller i løpet av vidaregåande. Dette gjeld spesielt i område der nynorsken tidlegare har stått sterkt, og no er under særleg press frå bokmål. Kvifor vel så mange bort nynorsk? Dette er språkval som gjerast av mange ulike individ som ein del av ein større samanheng. Den tospråklege situasjonen i Noreg der dei to språka ikkje har same status i praksis, er sentral i forståinga av denne trenden. Tidlegare har det berre vore gjort geografisk avgrensa enkeltstudiar av slike språkbortval ved skular, medan føremålet med denne artikkelen er å sjå systematisk på eit samla datagrunnlag, og dermed kunne seie noko samla om denne prosessen. Denne artikkelen bygger på data frå sju enkeltstudiar om språkval i randsoner. Materialet inkluderer ei undersøking av nynorsk som hovudmål gjort i Hordaland, Telemark og Rogaland, ein studie frå Oppland (Valdres), og fem masteroppgåver med data frå skular i Hordaland, Møre og Romsdal og Agder. Gjennom ein kvantitativ metaanalyse og ein diskursanalyse freistar eg å svare på kva årsakene er til at så mange byter til bokmål, og tilby ei forklaring på trenden. For å svare på dette er både summen av grunngjevingane til informantane kartlagde og kvantifiserte, og utsegner i intervju og spørjeundersøkingar analyserte. Det viser seg at svært mange elevar i desse områda oppgir mangel på kompetanse som ein grunn til at dei byter til bokmål. I tillegg ser det ut til at stigmatiserande haldningar til nynorsk, og at nynorsk blir sett på som mindre viktig, er sentrale faktorar bak kvifor desse vala blir gjort.