z-logo
open-access-imgOpen Access
«Mitt namn er Petter Dass, som bur mot norskfagets ende»
Author(s) -
Ronny Spaans
Publication year - 2022
Publication title -
nordlit
Language(s) - Norwegian
Resource type - Journals
eISSN - 1503-2086
pISSN - 0809-1668
DOI - 10.7557/13.6389
Subject(s) - humanities , philosophy , art
Skulereformer dei seinaste tiåra, som Kunnskapslyftet 2006, har utvida norskfaget med nye tekstkulturar og kompetansemål. Eit pensum i norskfaget basert på klassiske skjønnlitterære verk er for lengst passé. Denne utviklinga har hatt eit todelt utfall på ein historisk forfattarskap som Petter Dass. På den eine sida les vi ikkje han lenger som nasjonallitteratur; det kan føre til at nokon heller ikkje ser verdien av å undervise om diktarpresten i skulen. Men på den andre sida fører nye tekstkulturar med seg ei oppmjuking av det tradisjonelle skiljet mellom fag- og skjønnlitteratur. Det har ein heldig effekt: ei gjenoppdaging av den historiske Petter Dass og nye perspektiv på Dass’ dikting. I denne artikkelen undersøkjer eg for det fyrste historiske sider ved Petter Dass; Dass som didaktikar og som naturhistorisk forfattar. Deretter undersøkjer eg omtalen av diktarpresten i eit utval nye læreverk for å finne ut om nye sider ved diktarpresten er komne med. Artikkelen viser både heldige og uheldige freistnader på å fornye formidlinga av barokkdiktaren i nyare læreverk.

The content you want is available to Zendy users.

Already have an account? Click here to sign in.
Having issues? You can contact us here