z-logo
open-access-imgOpen Access
Prosessdrama som estetisk læreprosess: Ein strategi for utforskande iscenesetjing av sentrale verdiområde i Fagfornyinga
Author(s) -
Vigdis Vangsnes
Publication year - 2021
Publication title -
acta didactica norden
Language(s) - Norwegian
Resource type - Journals
ISSN - 2535-8219
DOI - 10.5617/adno.8294
Subject(s) - humanities , art , physics , philosophy
I den overordna delen av Læreplanverket (heretter omtala Fagfornyinga) blir det poengtert at skulen skal la elevane utfalda skaparglede, engasjement og utforskartrong, og at dei skal få erfaring med å omsetja idear i handling. Samspel, kreativitet og skapande arbeid, og kommunikasjon med vekt på lytting og dialog, er difor viktige målområde i Fagfornyinga. Målsetjingane kan nåast gjennom eit breitt spekter av metodar og læringsaktivitetar, og variasjon i arbeidsmåtar blir sett på som ein nøkkel til læring.I lys av teori om performativitet, didaktikk, estetikk og estetiske læreprosessar drøftar eg kva potensial den estetiske læreprosessen prosessdrama har som didaktisk verktøy for å belysa og arbeida med verdigrunnlaget i Fagfornyinga. Eg ser spesielt på det mangfaldet som ligg i prosessdrama som uttrykks- og undervisningsmetode, og korleis prosessdrama kan leggja til rette for å ta vare på målområda. Data frå eit prosessdrama om Antigone gjennomført med grunnskulelærarstudentar er brukt som eksempel. Undervisninga er døme på ei modellering der studentane på campus øver seg på ulike undervisningsstrategiar før dei skal ut i praksis.Funna frå den abduktive analysen viser at dei seks diskursane eg har konseptualisert som sentrale i Fagfornyinga – kunnskapsutviklingsdiskursen, identitetsdanningsdiskursen, kreativ utøving-diskursen, kritisk tenking-diskursen, demokratisk medverknad-diskursen og performativ handling-diskursen – kvar på sin måte og ofte i samspel, kan arbeidast med og utviklast ved bruk av prosessdrama i klasserommet. Artikkelen avsluttar med eit framlegg til modell, inspirert av skrivehjulet, som løftar fram kva som kjenneteiknar estetiske læreprosessar når prosessdrama er læringsmediet, og korleis pedagogen ved bruk av undervisningsstrategien prosessdrama kan arbeida med diskursane og dermed med mykje av det sentrale verdigrunnlaget i Fagfornyinga.

The content you want is available to Zendy users.

Already have an account? Click here to sign in.
Having issues? You can contact us here