Open Access
Litterær kompetanse - portrett av tre lesarar
Author(s) -
Hallvard Kjelen
Publication year - 2015
Publication title -
acta didactica norge
Language(s) - Norwegian
Resource type - Journals
SCImago Journal Rank - 0.191
H-Index - 2
ISSN - 1504-9922
DOI - 10.5617/adno.1390
Subject(s) - context (archaeology) , humanities , psychology , art , history , archaeology
Artikkelen drøfter eit sentralt problemfelt innom litteraturdidaktikken, nemleg tilhøvet mellom litterær lesing som fagleg kompetanse og litterær lesing som oppleving. Problemfeltet er særleg knytt til Louise Rosenblatts arbeid. Ho viser ved hjelp av omgrepa efferent og estetisk lesing korleis det er ei utfordring for litteraturlæraren å utvikle ei litteraturundervisning som i tilstrekkeleg grad tek omsyn til kjensler og røynsler. I ein litteraturteoretisk kontekst er subjektive responsar på litterære tekstar irrelevante, men i ein litteraturdidaktisk kontekst er subjektive responsar høgst relevante. Denne artikkelen bidrar inn i diskusjon-en mellom anna ved å trekkje inn meir empirisk basert litteraturteori som referanseramme. Artikkelen presenterer tre lesarars litterære responsar, og viser korleis kunnskap om individuelle lesarresponsar kan vere utgangspunkt for ei litteraturundervisning som balanserer ei fagleg tilnærming til litteratur opp mot ei meir opplevingsbasert tilnærming