
Vilkår for læring og bruk av andrespråk i akademia
Author(s) -
Ann-Kristin Helland Gujord,
Else Berit Molde,
Ann-Kristin Helland Gujord,
Ilka Wunderlich
Publication year - 2022
Publication title -
bergen language and linguistics studies
Language(s) - Ngandi
Resource type - Journals
ISSN - 1892-2449
DOI - 10.15845/bells.v12i1.3539
Subject(s) - humanities , political science , art , philosophy
Denne artikkelen presenterer ein studie som utforskar kva for plass og vilkår det norske språket har blant internasjonalt tilsette i norsk akademia. Studien inngår i forskingsprosjektet NINjA – Norsk i akademia og byggjer på resultata av ei spørjeundersøking blant internasjonalt tilsette på 12 norske universitet og høgskular og intervju med 55 av deltakarane i undersøkinga. Eit viktig utgangspunkt for analysen er den gjeldande nasjonale språkpolitikken som blir ført overfor universitets- og høgskulesektoren. Det blir funne at internasjonaliseringa som har prega utviklinga i sektoren dei siste tiåra, er i konkurranse med målsetjingane for språkpolitikken om norsk som samfunnsberande språk på alle domene. Midt mellom desse to agendaene står dei internasjonalt tilsette. Vilkåra deira for å læra norsk er ikkje gode nok til å sikra at denne tilsettgruppa oppnår det ferdigheitsnivået i norsk som arbeidsoppgåvene krev. Artikkelen konkluderer med at denne situasjonen vil kunna ha negative følgjer for internasjonalt tilsette, men truleg også for det norske språket, dersom dei akademiske institusjonane og dei som utformar språkpolitikken i sektoren, ikkje i større grad legg forholda til rette for at internasjonalt tilsette får utvikla det norske andrespråket sitt.