
Kor e alle k-ar hen?
Author(s) -
Randi Neteland,
Magnhild Selås,
Ann-Kristin Helland Gujord
Publication year - 2022
Publication title -
bergen language and linguistics studies
Language(s) - Norwegian
Resource type - Journals
ISSN - 1892-2449
DOI - 10.15845/bells.v12i1.3518
Subject(s) - humanities , art
Artikkelen presenterer ei undersøking av variasjon mellom k- og v- i framlyd av spørjeord blant bergenske barnehagebarn med norsk som første- og andrespråk. I undersøkinga er det brukt innsikter frå både sosiolingvistikk og barnespråkstileigning for å finne ut korleis barna tileignar seg denne sosiolingvistiske variabelen. Datamaterialet som undersøkinga er basert på, er frå opptak av samtalar mellom to‒tre barn som leika saman i barnehagane dei går i. Medan Mykings undersøking av same variabel frå 1988 peika mot ei utvikling der v- i framlyd kunne vere på veg ut av bergensk, har seinare undersøkingar vist at v- framleis er noko brukt, også av ungdommar i Bergen. Dei nye resultata som blir presentert her, viser at barna brukar overraskande mykje v- i framlyd – langt meir enn ungdommar og vaksne frå Bergen.